fredag 21. desember 2007

I miss you guys!

Forrige fredag reiste Victoria himøve, og på onsdag reiste jammen Lillian og. Eg hadde planlagt å gjera dei siste forberedelsane før jul her i Bergen og slappa av litt, så planen min va å vær her heilt te i mårå, lørdag. Men eg må sei det e tomt her uten dokke jenter, eg savne dokke eg! Så dessa siste dagane har eg har tilbragt minst mulig tid i Sydneskleiven! Glede meg te å komma him te Tysvær og sjå dokke igjen!

Bilde fra tidligare i desember, her et tuttene e klare for
KRIK julaball:)

onsdag 19. desember 2007

Du vett du begynne å bli voksen når...

...presangane ikkje lenger e i fokus. Det slo meg nemlig her ein dag, eg glede meg vanvittig te jul, men eg bryr meg faktisk ikkje det døyt om ka så ligge under treet! I stedet e det å vær med familie, treffa igjen venner eg ikkje har sett siden august, slappa av uten skulestress og eta god mat eg glede meg te. Og eg kose meg med å kjøpa presangar te familie og venner.

Så eg trur kanskje eg e på vei te å bli voksen. Fokuset i julå har endra seg, men eg like det. Eg glede meg te jul!

Snart e heile gjengen samla igjen:)

tirsdag 18. desember 2007

Julaferie!

Då va det endelig frøken Høyvik sin tur te å ta julaferie, forhåpentlig ein velfortjent ein! Endelig e det min tur te å gni det inn te alle dei som ikkje e ferdig med eksamen ennå! Tenk, nå e eg ferdige med 1/6 av fysioterapistudiet! Det, og julaferien, blei feirt i dag med julabrus som har venta i 18 dagar i kjøleskapet, den smakte ekstra godt siden siste eksamen blei levert inn i dag!

Men åååå, nå ska det bli så godt med ferie! I dag begynte eg, og gjorde meg nesten ferdige, med julahandelen, og i mårå blir det nok julavask nede i Salem. Så det blir et par dagar med julaforberedelsar og avkobling etter eksamensstress (som egentlig ikkje har vore sååå ille, det ska vel innrømmast..), før eg vende snuten him mot Tysvær og Høyvik den 22. desember. Gjett om det ska bli godt! Men først ska eg la julastemningen komma her i Bergen, den har eg nemlig ikkje hatt så møkje av siden eg dreiv og pakka julasylter på Gilde i sommar!

søndag 16. desember 2007

Usaklige ting eg lure på

Nå i eksamenstiå e det møkje løye så svirre i håve mitt! (det e det forresten te vanligt og egentlig..) Her komme et lite utdrag av alle dei usaklige tingå eg for eksmpel lure på:

Koffer e eg konstant svulten når eg lese te/skrive på eksamen?

Kossen har det seg at eg va så trist at eg grein når eg la meg i går, mens i kjerkå i dag va eg så gla at eg grein? Ka skjer med humørsvingningar og grining i tide og utide?

Koffer får eg nesten uten unntak wow eller nåke lignande som reaksjon når eg seie ka eg studere? E det så veldig spesielt å studera fysioterapi? Eller har veldig mange et hemmelig ønske om å bli fysioterapeut?

Ka i all verden ska eg finna på te Kristian te jul? (den der va forresten veldig saklig!)

Koffer klare eg aldri å treffa dørå? Eg dunke konstant borti dørkarmen...

Koffer får eg alle dei gode ideane mens eg sitte på do? Eg satt for eksempel fast med ei oppgava på hjemmeeksamenen i dag, men så tok eg meg ein tur på do, og der datt svaret rett ner i håve på meg!

Kossen har det seg at eg kan ligga og lesa heila nattå om eg lese ei vanlige bok, men hvis det dreie seg om ei pensumbok så blir eg søvnige etter 2o minuttar?!?

Koffer fryse eg alltid så ekstremt på rompå? Det e ingen andre eg kjenne så gjere det!

lørdag 15. desember 2007

Alt har sin pris

Omtrent siden eg kom te Bergen har eg vore et par cm øve bakken. Eg har hatt det så sinnsykt bra! Men når ein plutselig har et par dagar så ikkje e så bra blir då fallhøyden endå større. Kanskje det komme av at eg e sliten av alt eksamens- og skulemaset. Eg har ikkje vore så snakkesalige dei siste par dagane, ikkje vore heilt meg sjøl. Men då e det ekstra godt å ha folk rundt deg så bryr seg, tar vare på deg. Det e godt å bli møtt med ein klem og nåken oppmuntrande ord når ein e litt trist og lei uten at ein heilt vett koffer.

...Du har lovet å være tilstede, for å dele vår sorg og vår glede.
Gi oss vilje og mot til å leve, Herre, som barn i ditt hus...

fredag 14. desember 2007

E eg verdt det?

Julå nærme seg med stormskritt, rundt meg tar folk julaferie. Her i Sydneskleiven lese Lillian te eksamen, Victoria va ferdig med sin eksamen for ein times tid si (Grattis Vicky!), og eg skrive på hjemmeeksamenen min.

Om få dagar tar eg og ferie, då ska eg handla julapresangar og så reisa him te mammen og pappen og resten av gjengen på Høyvik. Då e det jul! God mat og kvalitetstid med dei eg e aller mest glad i; familie og venner:)

Så komme då den evige klisjéen, ka handle julå egentlig om?!? Gud sendte sin sønn te jordå for at han sko ta på seg våre synder, for sjøl e me ikkje verdige te å komma inn i himmelriket. Ja, til og med for meg kom han.

Fortjene eg det? Nei, på ingen måte! E eg verdt det? Ja! Utruligt, men sant.

torsdag 13. desember 2007

Two down, one to go...

I går hadde eg eksamen i anatomi og fysiologi, og det gjekk bra (trur eg i alle fall;).
Nå e eg i gang med hjemmeeksamen. Oppgavene e spennande, men det blir nok ein del jobbing dei neste dagane!

tirsdag 11. desember 2007

Som et egg!

Nemlig. Eg e klar te eksmen. Klar som et egg.
Eg har nok ikkje heilt kontrollen, men eg har fullstendig roen!

mandag 10. desember 2007

Grattis Jarle!


Min kjære lillebror e 'kje så liten lenger, tvert i mot, han blei nemlig myndig i går! (e forresten nåken år siden han begynte å få overtaken når me sloss...) Gratulera 18 årsdagen med Jarle:D


Søsknene Høyvik i London påsken 07:)

Ironisk...

Her sitte eg og lese te eksamen, blant aent om koffer skjelett og musklar blir svakare uten fysisk aktivitet, og at det e vanskelig å bli kvitt overflødig fett. Ka drive eg på med om dagane? Jo eg sitte på rompå og ete og lese.

Eg får nemlig et behov for å tygga på nåke når eg lese, så her ete eg på alt som kan etast på, dagen går med te utallige koppar te, klementiner, tyggis, yoghurt, sjokolade, ananas og gulerøtter... Detta love ikkje bra. Og nå e det forresten middagstid...

Lei av å lesa

Alfa-motoneuroner, Musculus Extensor Digitorum Longus, adduksjon, A. Truncus Coeliacus, resiprok inhibisjon, lateralrotasjon, IPSP, EPSP, synapser, menisker, hyalinbrusk, fiberbrusk, Hamstrings, Ligamentum Collaterale Fibulare, muskelspoler, latin....
...eg kjenne eg e litt leie eg, glede meg te onsdag, då ska eg ha dei to første eksamenane! Men det e utruligt kossen ein telefonsamtale kan letta på humøret!

søndag 9. desember 2007

Muskelmannen


Me har ikkje bare skjeletter te å øva på på fysio, på biblioteket finne du nemlig muskelmannen! På han kan du pella av musklane, studera, pugga og kosa deg. Og det va nettopp det Aina, Ingebjørg, Aina (jepp, 2 Ainaer!) og eg gjorde fredag ettermiddag, litt pugging, og masse kos...

Ingebjørg ler ekstra godt på det andra bildet, muskelmannen har nemlig fått lov te å låna skoen hennar, snillt gjort Ingebjørg! Aina har forresten heile foten, mens Ingebjørg har kapra Musculus Gluteus Maximus, den største rompemuskelen...

torsdag 6. desember 2007

Eg har vunne i lotto!

I alle fall i livets lotteri;) Eg har nemlig fått den beste mammen! Ka e vel bedre enn ein sjokolade når du e møkkalei og litt frustrert øve eksamenspugging? Fint lite! Inne i bursdagskortet mamma laga te meg låg det nemlig ein sjokolade, Freia Non Stop Melkesjokolade for å vær heilt presis! Og nå som eg e aleina hima her oppe på loftet med eksamenslesingå mi, fant eg ut at det va på tide å åpna sjokoladen. Mmmmm - det gjorde godt!

"Tåleddet henger fast i..."

Akkurat hima frå lesesalen. Eg må sei det har vore ein svært produktive dag! Eg kom meg nemlig tidlig opp! Mesteparten av dagen blei brukt til lesing og pugging m/tegning på lesesalen før eg hadde ein liten "date" med denna karen her:
Og det viste seg å vær ganske lærerikt!

Utruligt kor møkje lettare det e å pugga knoklar på et skjelett enn det e på tegningar!
Vel, det va ein grunn te at eg ønska meg et skjelett te bursdagen sjøl om ingen tok meg seriøst!

Nå ska eg ha meg ein runde på å pugga musklar, men så va det denna klisterhjernen så rett og slett va bortevekk då...

onsdag 5. desember 2007

Hekkan på loftet!

Ja, det e nemlig nåken så har dreve hekkan med oss!

Havregrauten eg skreiv om i går blei ikkje så fantastisk med salt på... Salt ja, det e nemlig nåken så har hatt salt i sukkerbøssa vår!! Den av oss her på loftet som finne på fanteri e meg... men siden detta ikkje e mitt verk, og dei andre to og nekte for det, e konklusjonen at det e nåken utenfrå som har dreve sabotasje. Og siden det va øve 30 mann her på bursdagsfeiringå mi for ei litå stund si e muligheten godt te stede for akkurat det!

Lillian har ein teori om at det e den same skurken som har stukke av med bossdunken vår, men eg vett nå ikkje heilt eg. Tips mottas med takk!

tirsdag 4. desember 2007

Tankar på vei him

Det va mørkt når eg gjekk på skulen i dag, og det e mørkt når eg går him. Eg e trøtte og sliten itte ein lang, men bra dag med ferdighetstrening i fysioterapi, og eksamenslesing. Og så begynne det å regna. Eg har ikkje på meg regnjakka og har ikkje med meg paraply.

Likavel må eg bare smila. Det e bare småregn, så eg blir ikkje blaut. Det e lys overalt som lyse opp den ellers mørke og regntunge byen. Det e godt å bare gå og tenka. Det komme ein Bjørn Eidsvåg-sang på mp3-spillaren og kjenne plutselig ein trang te å be for alle dei eg e glade i. Og å takka. Takka min himelske Far for alle dei fantastiske folkå eg har rundt meg, for alt eg har fått, og for kor godt eg har det.

Og når eg komme him koke Lillian havregraut te oss. Takk Gud for gode venner, småregn og havregraut!

Kryvi's Anatomy

  1. Strekk alle fingrene så godt du kan på ei hand.
  2. Bøy så langefingeren maksimalt.
  3. Kjenn på den bøyde langefingeren med den andre handa.
  4. Ka kjenne du?
Det e ikkje lett, men prøv å holde dei andre fingrane så strake som mulig mens du bøyer langfingeren.

Me har ein heilt fantastisk anatomilærar, Kryvi. Ikkje bare e han utruligt dyktig både i faget og som lærar, han har den tørraste humoren, og han går i kvit frakk mens han undervise! Me ler oss skakke i timane hans! (I tillegg te at me blir veldig kloke såklart!) I dag lærte me om musklane i håndå. Muskelen du bruke i detta "eksperimentet" hette Muskulus Flexor Digitorum Profundus.

Det som ska skje e at langfingeren blir heilt slapp, du miste kontrollen over muskelen fordi du drar så hardt i dei andre senane når du stramme dei andre fingrane. Ein hørte bare wow i klasserommet når me prøvde detta i dag. Litt smånerdete? Velkommen te fysioterapi, et litt kroppsfiksert studie!

mandag 3. desember 2007

Julastemning og eksamenslesing i Sandviken!

Trond og Kristian som bur der e ferdige med eksamenar for godt(og godte seg øve det), men det e ikkje eg, eg har jo faktisk såvidt begynt! Men når Lillian sko ha styremøte hos oss i dag evakuerte eg ut i Sandviken for å lesa te eksamen der. Så fekk eg ro, og så fekk eg spredd eksamensstresset litt... Haha, ja då blei det nok masse eksamenslesing tenke vel du nå.

Vel før det førsta sa Ingebjørg det sama, så då leste eg på rein trass for å motbevisa det. For det andra fekk eg ikkje lov te å gjera nåke aent av Kristian. Eg blei forlatt i ståvå med bokå mi, og då va det ikkje så møkje aent spennande å ta seg te. Kunne ikkje setta meg på rommet mitt og lata som eg leste då... I tillegg fekk eg servert kaffi og knallgod middag, så det viste seg rett og slett å vær et lurt trekk detta her! (Men eg ska ikkje skryta på meg at eg leste heeeile kvelden... men det e jammenmeg lov å ta pause når det e blitt kveld!)
Julastemningen har ikkje bare nådd Salemloftet, og ute i Sandviken hos Kristian va det blitt tendenser te julastemning. Han har nemlig pynta den skabbete bjørkefikenen sin med farga julalys. Eg e litt skeptisk te om det kan kallast vakkert (nåke han gjorde). Men for å sitera Kristian: Skjønnheten komme ikkje utenfra, bjørkefikenen har personlighet! Og det kan eg forsåvidt vær enig i. Koselig va det i allefall!

lørdag 1. desember 2007

Advent på Salemloftet

Når eg sto opp va det førsta så møtte meg Lillian som va i full gang med å henga opp julalys på kjøkkenet, julamusikken strømma ut fra rommet nas, og eg åpna førsta lukå i kalenderen min:) Ja, nå e det jammenmeg advent på Salemloftet!

Eg har nok ikkje vært den ivrigaste på adventstiå, men eg må sei at det e umåtelig koselig! Og nå går det jo slag i slag her; i kveld e det tid for julaballet te Student KRIK, og i går va med på julabord på Hotell Norge med PwC, jobben te Kristian. Der va det 4-retters middag med dessert både etter forrett og hovedrett, Mmmmm! Slå den du! Og så blei me spurt om me va gift, hahaha, vel det va kanskje liiiitt tidlig?!!!!
Ventetiå e her, me vente på at Frelsaren ska bli født!

fredag 30. november 2007

Små lyspunkt i eksamenslesingen

Å lesa te eksamen e ganske kjedelig! Og ein smule frustrerande siden (som tidligare nevnt) klisterhjernen min har stukke av, konsentrasjonsevnen e på minussidå (hmm - eg lure på koffer..), og stoffet kan vær ein smule tørt og uforståelig. Men det e mange små lyspunkt i kvardagen som får meg te å smila og holda motet oppe, la meg nevna et par av dei:
  • Å ta på seg regnkler utenpå pyjamasen (såklart e pyjamas leseantrekket når ein har studiedag, ka ellers?!?), og springa ned på Kiwi og kjøpa smågodt. Og så dela med Lilly og Vicky ittepå - så blir alle tri glade:)
  • Ein kjempekoslige lunsj samen med Lillian beståande av nysteikte, grove baguetter med ost og skinka og kakao (minner frå kantina på Skeisvang..)
  • Å ta seg ein dusj midt på dagen, og ta med seg alle badeendene inni dusjen:) Hjelpe veldig på humøret!
  • Ein usannsynlig morsom mail frå mamma som fekk meg te å skrattle der eg satt for meg sjøl på kjøkkenet;)
  • Ein herlige tur på Fløyen i godt selskap e konge ette ein lesedag sjøl om det regne som bare det!
  • Å sjå film med tuppene på loftet ette endt lesedag! Fruktsalat, kos&mos og jentefilm:)
  • Når Lillian synge og spele gitar på rommet sitt. Det får oss andre to te å smila kan du tru, så herligt!
  • Å få ein melding om kossen det går med lesingå når du sitte på lesesalen, og du oppdage at du faktisk sitte og kose deg med anatominotatene... (då va det både meldingen og oppdagelsen som gjorde det heila bra;) Nei som dokke ser, eg har det fremdeles fint eg, sjøl om eksamenane mine nærme seg styggfort, ofta e det 'kje så masse så ska te! I mårå ska eg vær flink student igjen, men nå ska eg snart på julabord, så det får vær nok lesing for i dag!

mandag 26. november 2007

Det nærme seg julatider!

Det har snødd i helgå, det va herligt å gå tur i snøværet med vottar og hua på i går! Og jammenmeg har det ikkje snødd i dag og. Bergen e ein fantastisk flotte by med vinterkåpa på! På lørdag va me på julaball med fysio, på fredag ska me på julabord med jobben te Kristian (ja... eg komme definitivt te å vær yngst... glede meg...), før julabordet te Student KRIK vente på lørdagen. Og på lørdag ska eg begynna på adventskalenderen min:) Her e me klare te julaball

Førjulstiå e herlige! Og så e det ikkje mange vekene før eg ska him og feira jul med familie og venner i Tysvær. Eg glede meg. Julaferien komme ekstra godt når det e lenge si du har sett dei du e glade i, og du akkurat e ferdige med eksamen!

Eksamen ja... det va då den mindre positive delen med at det nærma seg jul. Om drøye to veker ska eg nemlig ha to eksamenar på ein dag, før eg ska ha ein hjemmaeksamen. Eg grue meg så te dei grader! Men det ordne seg vel, nå ska eg nemlig lesa te krampå tar meg!


Braveheart

I heila haust har eg gnålt om at eg ska sjå filmen Braveheart. Eg har aldri sett an før, men musikken e så sinnsykt bra, den har eg hørrt masse på! Så i går kveld fekk eg endelig sett an. Og den va bra, veldig bra. Faktisk så bra at den fortjene et blogginnlegg! Fantastiske bilder, nydelige musikk, utruligt flotte natur, morsomme og bra karakterer og ein veldig bra historie. Eg lot meg lett fengsla dei tri timane filmen varte!

søndag 25. november 2007

Åpent hus, boller og brus:)

Fredagskvelden inviterte eg te åpent hus, boller og brus for å feira 20 årsdagen min. Eg har blitt kjent med så utruligt mange bra folk her i Bergen, og nå på fredag samla eg alle dei kjekkaste folkå eg vett om i Bergen (med unntak av nåken som ikkje kunne komma..), og det va jo bare nødt te å bli bra! Hybelkveld med kun dei beste folkå liksom... Øve 30 stk tok turen innom, det va rett og slett knallkjekt! Eg lo te eg fekk vondt i magen den kvelden!
Sindre imponere med sine sjongleringskunster
Bursdagsbarnet og Karoline
Vicky og Christine, dei fantastiske tysværjentene mine:)

Eg sa at eg ville ikkje ha nåke presangstyr, men eg fekk likavel utruligt masse festlig. Folk e fantasifulle og fant presangar som absolutt falt i smak, og som passa utmerket te bursdagsbarnet, bare for å nevna nåke; Den lille klemmeboken, adventskalender, lano håndsåpe, massasjeolja, brødformer og masse aent bra! (men ut i fra reaksjonane på ein del av presangane sko ein gjerna ikkje tru at det va 20 eg blei... f eks ekstasen øve lano hånskum... - men det e viktig å gleda seg øve dei små tingå i livet, og det ska eg lova deg at eg gjere!)
Lilly, Anders og Ingebjørg
Siv-Iren lukte på massasjeoljå eg fekk;)
Øyvind - e det kaffi du har der??
Lise og Solveig
3 goe krik-guttar; Øyvind, Steinar og Sindre

Stikkord for kvelden e masse kaka og boller, latter, bra folk, humoren te krik-guttane, trampolina i gangen, klemmar, sofaen som det faktisk e heilt krise å sitta i, og alle mine venninner som sko godkjenna Kristian (og han passerte såklart med glans;)

Alle som har prøvd denna sofaen e enige... den e ikkje bare usannsynlig stygg, den e faktisk heilt krise å sitta i!
Trampolina i gangen e stas!
Vakkert Øyvind, vakkert...
Runi kom seint, men godt... og strippa litt for oss;)
Kristian:)
(hei du, sjå på kamera, og ikkje meg!)
Karin og Øyvind

Takk for tidenes beste bursdag folkens! Det einaste som mangla denna kvelden va mine 3 Mariaer som befinne seg i Kristiansand, Oslo og Haugesund, og Annemor på Sagavoll.


Her har du då den dyktige fotografen Runi som ska bevisa at han e sosial, og skryte litt av karane i dress;)

lørdag 24. november 2007

Pasientdag

Eg merke at høgskulen e veldig yrkesretta, me e heila tiå fokuserte på at det e fysioterapeutar me ska bli, me tar ikkje berre fag. Nå har me holdt på å lera undersøkelse av hofteområdet ei stund (derav all kladding på rompene te mine medstudentar..) og nå på fredag sko me ha vår første pasient. Det va veldig skummelt, men veldig spennande! Me va fira studentar som forberedte undersøkelsen av ein pasient med coxatrose, slitasjegikt i hofta.
Sånn som detta holde me på og sjekke bevegelsesutslag i hoftå.
Intimgrensene mine e definitivt på vei ut, i klasserommet kler alle av seg. Så å sprada rundt i ein korte shorts og bh i klasserommet begynne å følast naturlig nå...


Vanligvis undersøke me bare kvarandre, men nå fekk me prøva å sjå og kjenna kossen det va på ein pasient som faktisk har smerter og redusert bevegelse i hofteleddet, og det va både lærerikt og spennande! Eg glede meg te å lera mær (men grue meg max te eksamen!).

Eg fekk forresten massasjeolja te bursdagen, det va veldig kjekt!! (hehe, trur 'kje det va bare eg som syns det va kjekt...;)

onsdag 21. november 2007

Happy birthday...

... to me! Jaudå, då va frøknå blitt 20 år, så nå blir det feiring og swing på Scotsman! Hah, ferdig med tenårene - ka ska dokke mobba for nå?;)

Dagen i dag begynte med ein laaang dag på skulen, men endte veldig bra med tidenes beste bursdagsmiddag! Lillian og Victoria hadde nemlig laga middag te meg når eg kom him frå skulen halv sju, svulten som bare det. Og så kom Kristian på besøk og åt med oss:) Venner og familie har ringt og sendt meldingar heile dagen, eg har fått blomster (imponert av at du kjøpte yndlingsblomstene mine uten å vær klar øve det Kristian;), masse klemmar, bursdagssang i sjutidå i dag morges, og pakkar i posten:) Ka mær kan eg be om?? Eg har fremdeles vondt i kjeven fordi eg smile så masse for tiå, så te alle dokke fantastiske folkå eg har rundt meg; takk ska dokke ha, eg e så gla i dokke!

Wohoo! Eg har fått pakke i posten av lillesøs og lillebror.
Konge! Bursdag e jammenmeg kjekt!



Vel... eg måtte jo nesten få ut nåken bilder av den kjekke karen min og! Batteriet på kamerat gjekk dessverre tomt før me fekk tatt nåken bilder som blei klare og fine...
Men det komme nok nåken ittekvart;) (E an ikkje kjekke vel?!!;)

tirsdag 20. november 2007

Nok ein etterlysning!

Kim e det så har stukke av med klisterhjernen min?? For an va der når eg slutta i 3. klasse, men nå e an søkk vekk. Og eg kjenne at eg har bruk for an nå som eksamensperioden begynne å nærma seg... Så te den skurken så har stukke av med an; eg vil gjerna ha an igjen!

søndag 18. november 2007

Kjærlighet i Sydneskleiven

Mantraet her på loftet denna hausten har vel vore "Gi meg ein mann!". Det utsagnet komme te tider ganske ofta, og i ein del sammenhenger der me føle me kunne hatt bruk for ein mann, enten me føle me trenge ein armkrok når me ser film, eller ein handymann te å fiksa dusjen så dryppe (renne). Og ja, hvis du blei litt forveten når du leste forrige blogginnlegg va det ein svært kjekk kar ved navn Kristian Jørgensen som følgte meg him begge kveldane:) Så... sivilstatusen e nå offisielt endra, eg har altså funne meg ein mann hehe. Det kitle i magen, det e veldig skummelt, men veldig bra:)

Og te Runi og alle mine venninner; te tross for mine iherdige protester, nei, det tok vist ikkje så lang tid før eg fekk meg type her i Bergen likavel;) Men eg klage ikkje eg...


Forresten... Lillian har ein særdeles festlig tegning i denna anledningen det absolutt e verdt å ta ein kikk på;)

torsdag 15. november 2007

Ute i mørket...

"72 kvinner drept av sine menn siden 2000". Det e skremmande å lesa sånt i aviså. Gutten (eller mannen om du vil hehe) ska jo vær den som beskytte oss... Det va heller ikkje nåke kjekt å hørra om voldtektsbølgå i byen eg bur i for ei stund siden. Dei der hima e nok litt bekymra for jentå si som har flytta te Bergen, og dei har ikkje heilt kontrollen lengre. Eg har fått streng beskjed av pappa om å ikkje gå aleina når det e blitt mørkt. Og ja, sjøl om eg e aldri så tøff i trynet må eg innrømma at det e litt ekkelt å gå aleina etter at det har blitt mørkt! Så då sette eg pris på at dokke guttar tar fram gentlemanfaktene! Eg blei nemlig følgt te dørå begge gongene eg va ute denna vekå. Godt jobba, sånt like me jenter:)

Lite liv på bloggen den sista vekå... eg innser at ikkje ALT eg tenke på og foretar meg egne seg te publisering på verdsveven... Men eg har hatt ei knallkjekke veka, det ska det ikkje vær nåken tvil om;)

lørdag 10. november 2007

Beautiful day!

Eg e heilt håplaus på å stå opp om morgenen, så derfor må eg ha 3 vekkerklokker på; klokkeradioen og mobilen. Og i dag våkna/slumra eg te dessa 3 sangane; Beautiful Day (U2), Perfect Time of Day (Howie Day) og så Friday I'm in love (the Cure). Ka gir du meg?!! Konge!
Det va absolutt ein bra start på ein bra dag! For eg va kje så lenge på skulen i dag, det har snødd i Bergen, eg og Victoria vaska leiligheten med musikk på full guff, hadde god middag, og fekk tid te ein koselige prat med Lillian på rommet før hu reiste:) Så va det tid for Salemtrimmen og hybelkveld med KRIK. Begge deler va knallkjekt, så masse bra folk! Og ka e vel bedre enn litt snøballkrig på vei him frå hybelkveld?!?

Bergen by med et lett melisdryss e forresten et nydelig om kvelden! Perfekt te ein rusletur!

torsdag 8. november 2007

Siste nytt fra lesesalen

Det seies at intet nytt e godt nytt, og siden det nå komme nåke nytt... vel, du fatte tegningå!
For her hadde eg fullført et kapittel i anatomibokå mi og va i ferd med å begynna på et nytt. La meg sitera "Vi har noe over 300 muskler i hver kroppshalvdel i tillegg til enkelte uparede muskler..." Oi! Ja for med alle dessa musklane komme i tillegg senar, leddbånd, nerver, utspring, fester bla bla bla... kossen ska eg klara å lera meg alt detta?

(men det faktum at frk. Høyvik faktisk befinne seg på lesesalen, har vært her et par timar, og har tenkt å vær her et par timar te, e jo 'kje så hakkande gale da!)

onsdag 7. november 2007

Klem er sunt!

Her sitte eg og lese aviså, og komme øve ein festlige artikkel i dagens Vårt Land; "Klem er sunt"
Der kan ein nemlig lesa at britiske psykologar meine at me alle trenge minst ein klem om dagen for å klara oss i våre hektiske liv, og dei får støtte av norske sosionomar og psykologar.

Jeg tror det er viktig å prioritere å ta seg tid til å gi hverandre en klem i en travel hverdag. Fysisk kontakt og omtanke gir oss en god følelse av tilhørighet, sier Gunvor Ek, sosionom og familieterapeut ved samlivssenteret på Modum Bad.

At det va digg å få ein skikkelig god klem visste eg frå før, men nå e jo visst sunt og, så ka e det me vente på? Då e det bare å klemma i vei!:)

tirsdag 6. november 2007

Gjestfrihet - e det mulig her og?

Detta komme som ein direkte fortsettelse av forrige innlegg. Oppholdet i ein landsby har nemlig fått meg te å tenka på andre ting enn fattigdom og urettferdighet (jf. tidligare innlegg om Fairtrade). Eg har lert nåke om å møta andre. Om å møta andre med respekt, sjøl om me e totalt forskjellige. Om å møta folk med varme og forståelse. Og om å smila. Det e ingen myte, folk i Latin-Amerika e åpne! Me norske jentene blei tatt så godt i mot, eg vett ikkje om eg hadde klart det lika godt om dei hadde besøkt meg i Norge.

Me fekk et sjokk når me kom tebake te Norge. Før me hadde forlatt Oslo S hadde me nemlig allerede hatt to ganske ubehaglige episodar med sure nordmenn. Totalt unødvendige episodar basert på misforståelsar og liten vilje te å møta andre med et åpent sinn.

Jada, nå hørres eg klok ut, trur eg e blitt flink te å møta mennesker. Men sannheten e den at det blir fort glømt. Likavel, det e ofta ikkje så masse som ska te! Å ta seg tid te å prata med dei som ikkje har så mange å prata med, på KRIK, i klassen eller på jobb kan vær ein god plass å begynna! Grunnen te at eg trivest så godt her i Bergen e jo nettopp det at eg e blitt møtt, og e blitt sett av dei så e rundt meg, på KRIK, i Salem, i klassen++

Me e så lite gjestfrie her i Norge, ikkje nødvendigvis te å ta folk med inn i huset vårt, men inn på livet vårt. Så dagens oppfordring e (ikkje minst te meg sjøl og!): ta deg tid, og bry deg. Gjer ein ekstra liten innsats for nåken som ikkje forvente det. Og smil!

mandag 5. november 2007

Gjestfrihet - eg lengte tebake

Eg pleie ikkje vær redd for å møta nye folk, men morgenen 11. januar 2007 satt eg på lasteplanet på ein pick-up og kjente meg liten. Veldig liten! Eg befinne meg i El Salvador på vei te landsbyen Hacienda Montepeque. Solå skinne, støvet virvle opp, men det e grønt og frodig rundt meg, eg sitte og holde meg fast for harda livet, og har masse
sommarfuglar i magen. Dei neste to vekene ska eg bu aleina i ein spansktalande vertsfamilie. Detta har eg gleda meg te i et år, men nå kjenne eg at nervøsiteten holde på å ta overhånd. Ka slags forventningar har dei te meg, tenk om dei blir skuffa øve meg, tenk om eg ikkje komme te å trivast? Det e mange tankar som svirre gjennom håve mitt i løpet av den turen.

Eg kan visa dokke bilder, og fortella ka eg opplevde, men likavel må du ha opplevd nåke lignande for å forstå ka eg sitte igjen med itte oppholdet langt ute på landsbygdå i El Salvador.






I to veker levde eg samen med dei, som dei. Dei tok meg inn i familien og behandla meg heilt fantastisk, som søster og datter. Eg lærte å laga pupusas (tortillas fylt med bønner og ost), eg "dusja" under et mangotre på gårdsplassen, eg lærte å dansa, og gjekk på dans i landsbyen me søsknene mine. Eg låg i hengekøya og åt frukt eller sang for lille Allison på 3 år, og eg var med og arbeida i landsbyen, både med klassen og med familien min. Eg lo te eg grein. Familien min lo endå mær - som regel av meg. Eg åt bønner og tortillas te kvart måltid, i tillegg te stekte bananer, avokado, egg eller kylling. Eg bare var der, nøyt stemningen med dagliglivet på gårdsplassen; salsamusikk på radioen, naboane komme innom ein tur, alle drive med sitt, rensing av mais, fotball nede på veien, oppvask, klesvask... øve alt e det smil og latter. Eg hadde "bønnemage" og gjekk på utedo, eg hadde kakkerlakkar under sengå mi, og eg prøvde å snakka og forstå spansk (og lata som eg forsto når eg faktisk ikkje gjorde det...) Eg gav bort og lærte dei stigespillet (suksess!) Eg spelte fotball med ungane, barføtt på ei vei rød av støv. Me gjekk på fjellturar, eg fekk hørra om et El Salvador og et folk som ennå bære merker av ein blodig borgarkrig det blei slutt på for bare 15 år siden.




Som du sikkert forstår, har eg vore på tur! Januar/februar i år reiste eg på tur med klassen min frå Valdres fhs ein måned te El salvador og Guatemala. To av vekene tilbakte me i kvar vår vertsfamilie. Eg hadde det fantastisk, og grein når eg måtte reisa. Kossen det går an å bli så gla i ein familie på to veker e mær enn ka eg forstår.

Minnene e mange, sterke og gode. Eg kom him frå El Salvador og Guatemala med mær enn souvenirar i bagasjen. Turen har satt spor, og gitt meg et litt større perspektiv. Eg savne ennå folkå i landsbyen, familien min. (Og dei 13 herlige jentene og 2 fantastiske lærarane eg delte opplevelsane med!) Det e godt å ha bilder, men dei aller beste bildene har eg inni håve mitt.




Bildene og filmsnuttane e tatt i landsbyen min, og e av "familien" min (familieforholdå va mange og innvikla, barn og barnebarn, svogerar og kjærestar, ein sønn som hadde immigrert te USA, et bar barnefedre som stakk av når dei oppdaga at det va ein baby på vei...søsken så viste å ikkje vær søsken likavel, det tok litt tid før eg klarte å finna ut av alt detta!), naboane i landsbyen, som eg og blei veldig glade i, og nåken av jentene frå Valdres. Eg har mange tusen bilder frå denna turen, og kvar gong eg ser på dei tenke eg på familien min i El Salvador, eg kjenne luktene, hørre lydane...

Forresten... når det gjelde dei fiskane, "chimboles", slapp eg å eta dei, eg frykta for magen for å sei det sånn. Når Angela, vertsmorå mi, sa me sko på fisketur va det ikkje heilt detta eg hadde tenkt meg!


Reisebrev fra turen vår:
Reisebrev 1 Reisebrev 3
Reisebrev 2 Reisebrev 4