lørdag 15. desember 2007

Alt har sin pris

Omtrent siden eg kom te Bergen har eg vore et par cm øve bakken. Eg har hatt det så sinnsykt bra! Men når ein plutselig har et par dagar så ikkje e så bra blir då fallhøyden endå større. Kanskje det komme av at eg e sliten av alt eksamens- og skulemaset. Eg har ikkje vore så snakkesalige dei siste par dagane, ikkje vore heilt meg sjøl. Men då e det ekstra godt å ha folk rundt deg så bryr seg, tar vare på deg. Det e godt å bli møtt med ein klem og nåken oppmuntrande ord når ein e litt trist og lei uten at ein heilt vett koffer.

...Du har lovet å være tilstede, for å dele vår sorg og vår glede.
Gi oss vilje og mot til å leve, Herre, som barn i ditt hus...

Ingen kommentarer: