torsdag 31. januar 2008

Ka gir du meg? Jo - sjokolade og pizza!

Skuledagen e øve, og Aina og Ingebjørg e på vei him, mens eg tenke å kjøra litt sjøldisiplin for ein gongs skyld, og gå på lesesalen. Åååå eg e så godtesjuke! klage eg på inn te lesesalen (det e litt lov å klaga når dei andre to ska him for dagen, og i tillegg ska på skitur te Myrkdalen me KRIK i helgå, nåke eg dessverre ikkje ska..) Men då komme engelen Aina og seie at hu har ein sjokolade i sekken eg kan få:) Mmmmm!

Så, i 4 tiå, ette et par timar på lesesalen tusle eg meg him, svulten, våt (jepp, det regne),og lite gira på fysiologiprøven som eg vett ligge og vente på internett. I det e komme inn dørå skremme Lillian livet av meg (det har aldri skjedd før...) Men det gjere ingenting! For Lillian hu har lagd pizza, så eg får pizza te middag:D

Takk for sjokolade og pizza, Aina og Lillian, you made my day:D

tirsdag 29. januar 2008

Brodern har fått lappen!

Nå e både lappen og bil i orden, bra jobba Jarle! Redaksjonen gratulere så masse, detta va stas!

Så e det og på sin plass med gratulasjonar te Louise, søsterå te Victoria, som og fekk lappen i dag!

Krinkelkroken

Det finnes mange festlige gatenavn her i Bergen. På vei him frå Kristian ein kveld gjekk eg forbi Krinkelkroken! Tenk å ha det som gateadressa!

mandag 28. januar 2008

Allidrett!

Koffer brukte eg to timar med å herja rundt i ein gymsal på Tysnes samen med 8 guttar på fredag?
Jo, fordi i haust har eg vore med som ledar på allidrett på Tysnes i regi av NLM. Det har vore kjekt, men det må jo seiast at det har vore ein smule demotiverande å reisa så langt når det har komt ein deltagar kvar gong... Så då har me herja i gymsalen kun 3 stk. MEN! Nå på fredag kom det 6 stk, og me va 3 lederar, plutselig va me 9 stk i stedet for 3. Knallkjekt! Det e jammenmeg makt i bønn!

fredag 25. januar 2008

Mitt anstrengte forhold til boss i Bergen

Eg har et litt anstrengt forhold til boss her i Bergen. Det e ein del frustrasjon oppbygd, og det e det 4 årsakar te;

1. Bossbilen. Den provosere meg nåke heilt enormt rett før eg ska stå opp kvar einaste tirsdag og fredag. Den bråke og kjøre og ruse og holde på i ein evighet, seriøst, an gir seg aldri! Ahh eg e lika sinte kvar gong an bråke og forstyrre søvnen min. Og alle som har et snev av b-menneske i seg vett at det e den siste halvtimen før du står opp som e best!

2. Tjuvraddar! Dokke som pleie å stikka innom denna bloggen vett at det va nåken som stakk av med bossdunken vår i haust. Og ette endt leiteaksjon og ein del frustrasjon og diverse teoriar om ka som hendte me an, bestilte me ny. Men kom det nåken ny som me blei lova? Nei! Så det e jo litt tungvint når me ska kasta bosset vårt.

3. Kildesortering. Me bur i Norges andre største by men tilretteleggingå for kildesortering e heilt elendige. Ka skjer me å bry seg om miljøet?? Skjerpings Bergen kommune!

4. Bossbilen. Den fortjene to punkt, så sterkt mislike eg an. Såklart e me avhengigge av an, men når klokkå såvidt har passert 07.00 to gonger i vekå tenke eg ikkje så veldig rasjonelt, og dampen stige ut av øyrene mine der eg ligge i all min frustrasjon.

Grrrr!

torsdag 24. januar 2008

Her satt eg for 365 dagar siden...


...på ei strand på stillehavsøyå Isla de Tasajera i El Salvador, og såg på solnedgangen. Eg hadde ingen bekymringar, bare satt og va te, og hørrte på suset frå bølgene. Eg har forsåvidt ikkje så mange bekymringar nå heller, men det hadde vore godt å sotte på ei strand mellom gode venner og hørrt på bølgesuset fordeom...

onsdag 23. januar 2008

I dag dør det 26.000 barn


Det e heilt villt! Så mange ungar som aldri når sin femårsdag. Me e jammen heldige som e født i Norge! Men når du lese detta tenke du at "Oi, det va trist, tenk på alle dei triste skjebnene" eller nåke i den duren. Så går det 10 minuttar og du har glømt heila greiå. Me har det for godt. Men sjøl om eg har i overflod, nøle eg likavel med å gi, fordi det betyr at må forsaka nåke aent. Ein kinobillett, et nytt klesplagg eller ein tur. Eg skjems øve min egoisme og materialisme.

tirsdag 22. januar 2008

Forklaring på bh-spørsmålet

Alt ein kan komma te å diskutera... her ein dag me satt på biblioteket på skulen og prøvde å finna ut ka så feilte pasienten vår med smerter og innskrenka bevegelighet i skulderå, kom me inn på denna diskusjonen; Bruke du ei eller to hender når du tar av deg bh'en? (pasienten hadde då promlemer med å ta av seg bh'en hvis du ikkje fatta koblingen..)

Jentene va uenige, men dei fleste viste seg å bruka to hender. Henrik, som har ein egen evne te å havna midt mellom alle fysio-jentene, va derimot svært så fornøyd når han kunne fortella oss at han trengte bare ei hånd for å fjerna bh'en!

Siden det va så stor uenighet om saken, lure eg nå på ka lesarane av denna bloggen pleie å bruka, så vær så god, svar i vei på min lille avstemming på sidå her!

mandag 21. januar 2008

Endelig KRIK igjen!

Ja nå e det lenge lenge siden eg har vore på KRIK. Ikkje siden før jul faktisk! Nå ette jul har eg vore opptatt dei to gongene det har vore trening, så nå glede eg meg te i kveld! Å få kjenna på den gode stemningen, hilsa på folk du ikkje har sett på ei stund, kjenna på den goda svetteluktå i overtrekksdraktene, få et lite påfyll med andakt midt inni, kjenna på lykkerus eller ein smule bitterhet ved vinn og tap... ahh KRIK e ein genial ting, og Student KRIK Bergen e fantastisk!

Å få hørra det av han som elske deg høgast!

En av forbryterne som hang der, spottet ham også og sa: «Er ikke du Messias? Frels da deg selv og oss!» Men den andre irettesatte ham og sa: «Frykter du ikke Gud, enda du har samme dom over deg? For oss er dommen rettferdig, vi får bare igjen for det vi har gjort. Men han har ikke gjort noe galt.» Så sa han: «Jesus, husk på meg når du kommer i ditt rike!» Jesus svarte: «Sannelig, jeg sier deg: I dag skal du være med meg i Paradis.»
Lukas 22, 39-43

Ofta blir bibelhistoriane bare nåke eg hørrte på søndagsskulen, fine historiar om Jesus, som ikkje får bety så møkje for meg i kvardagen. Men les den siste setningen ein gong te. Hvis det e nåke eg e redd for her i verden (i tillegg te busemannar når det e mørkt ute, og det kan ikkje sammenlignast), så må det å stå igjen når Herren hente sitt folk te Himmelen. Tenk då å få hørra det av Jesus, "I dag skal du være med meg i Paradis." Frå Jesus, han som elske deg så høgt! Tenk så fantastisk om det va eg som fekk hørra dei ordå!

Men så gjelde det og meg, så mange plasser i Bibelen kan eg lesa det:

Så er det da ingen fordømmelse for dem som er i Kristus Jesus.
Rom 8,1

For så høyt har Gud elsket verden, at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sendte ikke sin Sønn til verden for å dømme verden, men for at verden skulle bli frelst ved ham. Den som tror på ham, blir ikke dømt.
Joh 3 16-18

Heller ikkje eg ska fordømmast fordi eg e i Jesus
, eg trur på han. Oh man, så bra!

Så ufortjent. Så trygt. Så fantastisk. Han elske deg lika høgt uansett kim du e, ka du har gjort, ka du trur på og ka du føle!



søndag 20. januar 2008

Nåken har tatt "familien min"!



























For nøyaktig et år siden låg eg i ei litt for kort feltseng og sov inni myggnettingen min, i et lite hus i landsbyen Hacienda Montepeque i El Salvador. Sliten ette å ha prata spansk heile dagen og dansa heile kvelden.

Når eg va innom nettsidene te Valdres fhs på torsdag blei eg litt vemodig. Der va det bilder frå årets spanskklasse som nå e på tur. Det va bilder av kjente plasser og kjente folk. Og tårene pressa på når eg såg bilder av Nelson og Oscar, mine to små verstbrødre som står og vaske seg. Eg savne dei! At det går an å bli så knytta te nåken i løpet av så kort tid. Minnene e fremdeles mange og sterke. For ein fantastisk familie, for ein fantastisk gjestfrihet! !Mi querida fanilia salvadoreña, les extraño!

torsdag 17. januar 2008

Ein grønn dag!

For deg så trudde at me studentar leve av einsidig og næringsfattig kost kan eg avkrefta den myten. I alle fall her i Sydneskleiven! I går hadde eg ein ekstremt grønn dag! For å nevna nåke av det eg hadde på menyen i går; avokado (nam nam, åt masse av det i El Salvador), kyllingpita med masse salat te middag, druer, fleire kiwiar - mmmm kiwi e jo nestem som snop å rekna, det e så godt! Og sko te å ta meg et eple... men så oppdaga eg at det va brunt og stygt når eg tok det ut av 6 pakningen, skuff!
Og når me e i gang med grønne saker, eg tok ikkje bussen i går, eg gjekk!

Siden me nå e inne på friske fargar kan eg anbefala ein kikk på Astrid og Anna-Lena's yellowglovesday! Artig artig!

mandag 14. januar 2008

"eg syns det lukte litt rart her... litt søtt på ein måte"

Eg og Kristian va godt i gang med å laga god middag her ein dag; stekt kyllingfilet med stekte båtpoteter og greier... men så begynne det å lukta så rart, ei litt ukjent lukt me ikkje hadde kjent før. Det va ikkje ei direkte svilukt, og det va tilsynelatande ingenting som va svidd heller. Det lukta nesten litt søtt! Merkelige greier. Men luktå den blei verre og verre den!

Så fant me ut at det måtte vær nåke som va sølt i steikeovnen, og når eg ser inni e det førsta som slår meg "ka e det Trond har putta inni nå?" for der låg nåke som ligna ei svidde kaka. Sorry Trond, den va ufortjent! Årsaken te den merkeliga litt søtaktig-brente luktå va nemlig ei korkplata som hang fast i langpannå, som så løsna og låg nedi steikeovnen og svidde seg... og sånn blei resultatet: Flaks for meg at me lagte mat hos Kristian, det lukta nemlig skikkelig svidd i leiligheten hans i fleire dagar ettepå haha! Vel, synd de Kristian, det kan skje den beste (og i følge han sjøl va det jo og det det gjorde..)

søndag 13. januar 2008

Min beinharde samboar!

Hvis du av ein eller aen grunn sko ha tvilt på at min kjære samboar Victoria e beinharde, sjekk ut detta, her blir all tvil fjerna!

Tur på Sandviksfjellet - ein finfin lørdag!

Ette nåken dagar med virkelig dårlig vær viste Bergen seg frå si beste sida på lørdag:)





Bada i ettermiddagssolå va byen et vakkert skue frå toppen av Sandviksfjellet! Med kaffi på termosen og godt selskap viste detta seg å bli den beste lørdagen på leeeenge! Men eg forstår eg har gått glipp av nåke... kaffi smake nemlig usannsynlig godt på tur! Nam nam! Men nå begynne eg jo å bli dreven på kaffien så nå e det bare fryd og gammen;)

Så satse eg på at grunnen te at me tapte bowlingen mot Richard og Ingebjørg med bitre 10 poeng om kvelden va at me va så trøtte ette å ha vore ute heile dagen... så nå må me te og laga middag og dessert...

Kristian, eller Kristian "Monsen" Jørgensen som han sjøl like å kalla seg sjøl
Lyset på fjellet va heilt fantastisk når det begynte å nærma seg solnedgang
Elg i solnedgangGjett om eg va trøtte når eg gjekk te sengs i halv 4 tiå i natt, men det va ein god trøtthetsfølelse!

torsdag 10. januar 2008

"Studiedag"

Det e onsdag, det e orkanstyrke i vindkastå ute og regnet piske mot vindusrutene. Eg har studiedag, men ka bruke eg dagen te? Det e faktisk bare januar, så eg og Ingebjørg tok fram våre handy sider og malte (endelig) rommet te Ingebjørg:) Så istedet for ein mindre delikat gulfarge på veggene, e det nå lyst og fint der. To strøk på veggene og nåken hyller e ikkje verst det! Og når kvelden blir avslutta med ein tur på Det Lille Kaffekompaniet sammen med Kristian, kan ein jammenmeg ikkje klaga på mørke kveldar og surt vær her i Bergen:)

Einstein

Hvis ein først begynne kan ein bli sittande i timasvis og bare fjasa vekk tiå på internett, denna her såg eg i går, heilt fantastisk! Eg ler!

tirsdag 8. januar 2008

Harry...

Ka e nåke av det styggaste og mest harry du kan ha på deg? Det må uten tvil vær kvite tennissokkar i sandaler (kun slått av grilldress kombinert med detta). På skulen i dag oppaga eg at eg gjekk med nettopp det. Usjameg! Men det e digg å kunna gå i joggebuksa og harry sokkar på skulen, det ska vær sagt!

I dag hadde me innføring i "terapimaster", der ein henge i slynger og trene. Det va ganske kjekt, endå kjekkare va det å heisa seg sjøl opp ette beinå i dessa slyngene:p

lørdag 5. januar 2008

Ombo + kalkun + brettspill + bra folk + rakettar + omgangssjukå = nyttår 2007

Ka får du hvis du tar ei hytta på Ombo (Du vett kje kor det e du heller? Det ei øy i Ryfylke..), ein gjeng med knallbra folk, ei kalkun på 11 kilo, ein del rundar med brettspill og rakettar? Jo, ein prima nyttårsfeiring!

Denna nyttårsaftå feirte eg i lag med Kristian og hans venner, og det viste seg å vær ein knallbra gjeng, så denna nyttårsaftå blei absolutt ein suksess!

I tillegg te obligatoriske nyttårsting som god middag, finstas, rakettar, stjerneskudd og god stemning, e det obligatorisk å spela spel når ein e på hyttetur! Alias (ein ska forklara et ord uten å bruka selve ordet) blei ein slager på denna turen, me jentene va såklart best, konkurranseinstinktet kom godt fram, og ikkje minst, det kom nåken gullkorn i løpet av omgangane!
Eksempler e Kristians umiddelbare reaksjon på forklaringen "heilt naken"; Good!
E
ller Daniel sitt svar på "jentene bruke det når dei han mensen": p-piller!
Europa på boks blei og flittig prøvd, så nå har me lært ein del unyttige fakta om diverse land i Europa;)

Hadde det ikkje vore for morgenen 1. nyttårsdag hadde denna nyttårshelgå kun fått pluss i bokå! Men nå hadde det seg sånn at både eg og Kristian våkna med omgangssjukå... Og konklusjonen min e at eg i alle fall ikkje ska ha nåken baby med det førsta... å våkna kvalmen og springa ut på toalettet og kasta opp va 'kje akkurt no digg for å sei det sånn! Ryktene ska ha det te at det va fleire som fekk det dagen etterpå og..

Bordet e dekka, Anna gjorde ein god jobb med borddekorasjonen!
Detta va så nasty at eg egentlig ikkje tørr legga det ut, men det e så morsomt at eg må likavel... detta lagde med då saus te kalkunå på! Tipp ka det e!Ingen ska klaga på at guttane ikkje hjalp te på kjøkkenet! Her e Petter og David i full gang med å skjera opp kalkunå! David og Kristin med ein av dei svære og festlige smellbongbongane frå England! Den svæææra kalkunå vår på 11 kg David og Kristin
Wohoo! Me har fått kroner!
Eg og Kristian va dessertansvarlige, her trengs det konsentrasjon!Og sjå kor bra resultatet blei! Smakte godt gjorde det og! Ikkje nåke hint av bålsmak her nei!

Et av dei mislykka sjølvutløysar bildene våre...
Kristian, Petter og meg i et herlig nyttårskyss;)
Ingemar, Erlend og Magnus va ivrige rakettoppskyterar:)
Anna med stjerneskudd
Daniel med den fantastiske NLM jakkå;)Europa på boks:)
Anna og Kristian:)Her e me på vei him, Kristian ligge så et slakt...
...og eg kjørte, her har me ein aldri så liten stopp på Finnøy. Stemningen steig betraktelig i bilen ettepå. Eg blei (midlertidig...) bedre ette å ka kasta opp, og Kristian godta seg øve meg...
Eg fekk forresten ein del blikk på ferjekaien. Det e kanskje forståelig når sjåføren va kvalmen som bare det og antagelig såg rimelig fyllesjuk ut og det e 1. nyttårsdag;)

fredag 4. januar 2008

Takk for det gamla - godt nytt år!

Vips så va 2007 forbi, året har gått så fort, møkje har skjedd! Takk for mange gode minner! Her e litt av året som gjekk i bilder;

2007 begynte heilt fantastisk med ein måned i Latina Amerika med klassen min på Valdres fhs. Stillehavsøy, vulkanar i Guatemala og å bu sammen med ein familie i ein landsby i El Salvador... eg lengte tebake!
Tiå gjekk så alt for fort, men det sista halvåret på Valdres va lika bra som det førsta! Skiturar, bål, teambuilding, elevkveldar, turar, internatliv, karneval, bergensturné, rangling og generelt bare kos!
Eg tilbrakte sommaren min på Gilde. To og ein halv måned med å pakka skinka. I say no more.
Men eg fekk faktisk 2 dagar ferie... så då blei det ein liten tur på Skjærgårds:)
Eg har drømt om å begynna på fysioterapi siden 1. klasse på Skeisvang, og nå i haust flytta eg te Bergen, sammen med Victoria og Lillian på Salemloftet, for å begynna å studera:) Ufattelig bra by; knallkjekke klasse, bra studie og masse bra folk i KRIK og Salem, kan det bli bedre? (nei!)
Hybelkveld med KRIK hos oss, 121 stk på besøk... fullt men bra!
Eg og Victoria nyte utsikt og solnedgang oppe op Fløyen ette KRIKtrening på Skansen:)
Vår fantastiske og minnerike haustferie :)
Sydnestreet vårt, ein vakker solskinnsdag (ein av dei mange i haust!)
Eg traff an og lot meg sjarmera av denna kjekke karen allerede tidlig i september, men det blei november før det blei nåke action, og eg blei invitert ut på date;)
Bursdagsfeiring! Kjempekos med øve 30 stk på besøk, det e jammenmeg mange bra folk her i Bergen! Me lure forresten endå på kim så putta salt i sukkerbøsså vår... me har ein mistanke om at det skjedde denna kvelden!
Julebord og juleball opp og i mente! Her e frøknene klare for KRIK julaball:)Og så ein liten dæsj eksamenslesing i desember...

Det va ufattelig trist å slutta på Valdres, året der va heilt fantastisk, og Latin-Amerikaturen satte djupe spor! Men når eg satte meg på bussen på vei te Bergen 14. august va det førsta som kom når eg skrudde på mp3spillaren Gavin DeGraw som sang "Oh this is the start of something good". Og det va det jammenmeg! Starten på nåke godt!