onsdag 21. januar 2009

What tribe are you from?

Når eg sko registrerast I systemet I går skreiv dei mzungu tribe… (mzungu e det dei kalle dei kvite)

Det e greit at folk glor på deg når du e ute i landsbyen fordi du e kvit. Men det føles ikkje så greit ut å bli glodd på fordi du blir losja gjennom pasientkøen fordi du e kvit! Då følte eg meg dum!

Koffer sko eg registrerast i nåke system? Jo for eg har nemlig tatt min første malariatest! Men den va heldigvis negativ. Så det va nok bare influensa. Eg har vore slakke siden lørdagskvelden, men nå e eg på beinå igjen, men nå e Ingrid blitt dårlig. Me e 6 studentar i huset vårt og nå e (eller har nettopp vore) 5 stk sjuke, sånn går det når alle dele samme bad…

Fysioterapeuten som ska vær vår veiledar har på ingen måte dårlig tid… han klage på at han har det så travelt med alle pasientane, men det e ”much talk and little do”. Her e det hakuna matata, ting tar sin tid før han får fingen ut og får gjort nåke. Men nå har han funne ut at me kan gjera ein del av jobben for han, så det e han svært fornøyd med, for då blir det endå mindre på han.


Her på Haydom har fysioterapiavdelingen ein fantastisk maskin som kan kurera det mesta... ein gigantisk vibrator som kurere alt! Absolutt alt! (Det e heilt sant!) Frustrasjonen e så absolutt te stede hos meg og Ingrid når me e uenige i behandlingstiltak (eller kossen dei blir satt i gang)!

Me blir stadig sjokka øve all nøden og diagnosene me ser her, det trur eg nok det tar ei stund å bli vant te. Å sjå øve ungar med brannsår øve heile kroppen eller ei dama som har alvorlige kutt og brudd øve heile kroppen ette at mannen hennas gjekk laus på na med machete gir sterke inntrykk!

Hvis eg hadde ropt svarting, svarting! Peikt og ropt på gatå i Norge hadde det blitt rabalder. Men her e det ikkje nåke problem å ropa kviting, kviting ette oss. Spesielt ungane, dei komme springande ska hilsa på, holda oss i håndå, ta på håret vårt, peike og rope mzungu, mzungu! Eller dei blir livredde og begynne å grina når dei ser oss rare mzunguane… Dei syns og det e veldig morsomt når me bruke uttrykket sjøl. Eg handla på markedet på lørdag, men fekk overpris, for den afrikanska dama foran meg betalte 2000tsh og ikkje 3000tsh som va prisen eg fekk. Men når eg sa at hu gav meg mzunguprice bare lo hu av meg… så eg endte opp med 3000tsh!

Nåken observasjonar frå Afrika…

Det e akseptert å pilla seg i nasen uansett anledning, det samma gjelde mobiltelefonbruk, og lydløs har me ikkje hørrt om! Bilden blir aldri full. Bosspann e et ukjent fenomen. Alle kvite e vandrande dollatre, derfor e det heilt akseptert å gi kvite medstudentar et brev der det står ”Dear friend, I ned 300.000-600.000tsh, can you help me?” rett ette dei har komt… Folk her e heilt galne ette kulepennar. Mannfolk holde hender og går med sjal. Når me andre svette i t-skjorta kler dei innfødte på seg boblejakka og hua, gjerna med et pledd utenpå. Fluer på operasjonssalen e heilt ok. Hvis oksen som sto utenfor dørå di i går e vekke i dag vett du ka du får te middag i kveld… Det e rød jord øve alt, på alle klernå dine, på alle skoå dine!

Landsbyen utenfor Haydom e akkurat passe stor. Her får me tak i kald cola, sjokolade, klissete valentinekort, sokkar, lommelykt og sko, men det e litt uvisst ka som e nytt og ka som e brukt... Dei selge og masse frukt her og for ei krona får du ein deilie mango! Eller ei søt banan. Annanasen må du betala litt meir for, men den e kjempegod!

Om kveldane e ligretto blitt ein slager, me studentane spele masse. Men du komme fremdeles te å slå meg Victoria for eg e lika dårlig som eg pleie;)

Eg e totalt språkforvirra for tiå! Det går masse i engelsk her for mange av studentane og dei ansatte e utenlandske (ufattelig mange nederlenderar her faktisk), spesielt rundt matbordet blir det masse engelsk, innimellom blir det ein del norsk (det e jo ein del nordmenn her og), og når eg ska prøva å snakka swahili slår spansken min inn… Men å prøva seg på swahili e ein sikker icebreaker blant pasientane så det e kjekt! Så når Ingrid komme med ”taco hapa” (ropmpå her) ler dei godt av oss! Kroppsspråket mitt e og blitt ganske overdrevet, eg veive endå meir med armane når eg prate…

!Trur du kan få bildene litt større med å klikka på dei! Måtte bare lasta dei opp så små for i det heila tatt å få det te...


Bilde1: me ete i kantinå på Institute of Social Work der me hadde kurs 1. vekå. På bildet e radiografstudentane Gunn og Lene, og Ingrid som e min partner her på Haydom
Bilde2: Kristiffer og Bjørn har spelt fotball med nåken småguttar på ein skule me besøkte
Bilde3&4: me tilbragte ein ettermiddag på et knallflott hotell i Dar es Salaam, bading og soling! Digg!

Esther, lege frå Nederland, Ingrid pog eg e ute og går tur på slettå nedenfor Haydom. Nydelig natur, og masse hyggelige folk!


Litt meir tur og kveldsmat på gjestehuset, fellesmåltidene e kjempekoselige! Og så e det deilig å komma te dekka bord kvart måtlid. (Victoria og Lillian: eg komme te å vær bortskjemt når eg komme tebake...)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Bra du ikkje hadde malaria Irene! Nå e d tje så mangen vekene t eg komme t Tanzania, glede meg masse! Hørres ut som om dåkke har det knall, regne i Bergen.. Ta vare på deg sjøl. Klem fra Victoria :)

Christine=) sa...

Hei Irene!!D e kje bra at du e sjuke, håpe du e på bedringens vei=)=) Her i Bergen går livet sin gang me regn å skule..men i dag har me fått info om utenladskpraksis så nå ska søknaden skrivast=)=) Du må ha masse lykke te videre, tenke masse på deg!!! Klem te deg!

Solveig sa...

SÅ kjekt å sjå at livet i Afrika e bra, sett vekk fra sjukdom da, men d går øve vet du:) Best å bruka opp kvoten på å vær sjuke me ein gong!! Masse lykke te videre.. Kos deg masse:D

Anonym sa...

Hallo, hører du har det kjekt i Afrika. God bedring til dere syke. Viss du ser noen gule øyne i mørke kan det bety trøbbel.

Anonym sa...

Haha, du har så sykt bra kommentarar Jarle! ;)

Løye å lesa om kulturen der nere altså, så totalt ikkje lik våras kultur!! Du e go t å beskriva Irene, likte spesielt kommentaren me oksen utforbi dørå så e vekke.... hehe :D