søndag 31. mai 2009

Trenger du hjelp?

I går drassa eg med meg ei svære eska bortover. Den va ikkje tung, men va litt uhamselige. Det va fint vær og masse folk ute, så eg gjekk forbi mange. Idet eg passere ein gutt, ein skikkelig tøffing med musikk på øyrene og svære buksa, spør han "Trenge du hjelp?". Eg blei litt overrumpla, som regel e det jo ingen som bryr seg på gatå eller på bussen! Men eg fekk fram et neitakk og et smil, eg hadde bare 50 meter igjen til inngangsdøra.

"You made my day!" Jatakk til hyggelige medmennesker som smile og tilbyr hjelp sjøl om dei ikkje må!

Ingen kommentarer: