lørdag 29. november 2008

Julebord med PwC

I kveld har Kristian og eg vore på julebord med PwC (PricewaterhouseCoopers), jobben te Kristian. Me va på Radisson-SAS Royal Hotel på Bryggen, det va veldig fint, og me fekk veldig god mat! Ein knallkjekke kveld!

Te forrett fekk me braisert breiflabb med hummer og champagnesaus,
så kom det champagnesorbet.
Hovedretten bestod av heilstekt ytrefilet av kalv med sauserte grønnsaker og skogssoppsaus,
før me fekk créme brulé med bjørnebær og bringebærsaus te dessert. Mmmm!

Det va veldig godt, borsett frå den første desserten... champagne i frossen form kan eg spara meg for, det va ikkje dessert for småjenter!
Og så gjaldt det å huska på kim eg hilste på på fjorårets julebord og i andre sammenhenger med jobben hans, men eg syns eg klarte meg ganske bra eg;) Det va i alle fall ein veldig kjekk kveld!

Og sånn te slutt - eg må nevna at sjøl om me fekk fancy-shmancy middag i dag, så kan an ikkje sammenlignast med middagen Kristian serverte forrige helg! DET va godt det!

Ingen kommentarer: