torsdag 20. november 2008

Brodern på besøk!

I helgå va Jarle, min lillebror (som ikkje e så liten lengre!) på besøk her i Bergen, veldig koselig! På lørdagen blei det speling, film og så besøk med heimalagt pizza før me tok turen i Salem. Kvelden blei avslutta med skrekkfilm med ein skikkelig guffen slutt!

Søndagen koste Jarle og Kristian seg med film og ferdig middag, mens eg va på søndagsskulen og så lagde eg middag før me tok turen te Vilvite senteret. Ikkje lika imponerande som det i Valencia med besøkte i påsken, men guttane fekk prøvd å sykla i loop!

Når eg kom tebake frå søndagsskulen va Kristian komt. Guttane satt og såg film og forlangte middag...
Det blei lasagne på dei. Det ser kanskje litt guffent ut på bildet, men det va veldig godt! Meg og Jarle:)Jarle e kitlen, det må utnyttast...

Me har lenge planlagt at me sko på Vilvite senteret i Bergen, og søndag tok me turen!Eg og Jarle testa samarbeidsevnen vår, det gjekk bra:) Værre va det når eg og Kristian sko prøva...
Jarle og Kristian prøvde å sykla i loop, va visst veldig kjekt, men underteikna tørrte ikkje...
Me såg spøkelseshus i 3D, blei heilt svimmel eg!
Og så prøvde me å kjøra motorsykkel, heilt umulig å sjå normal ut når me fekk MASSE vind i fjeset! Ja takk til visir på hjelmen!
Og te slutt, så tøffe skjeletter har ikkje me på skulen! Hadde gjort seg med et sånt et i undervisningen te Kryvi!

Ingen kommentarer: