fredag 21. september 2007

Fairtrade - ein gigantisk bløff?

Fairtrade e blitt den raskest voksande forbrukertrenden i verden. Etter at me hadde vore i El Salvador og Guatemala, og sett forholdå te bøndene der, fekk eg virkelig opp auene for Max Havelaar-varer; varer som garantere meg at bøndene så har produsert varene har fått skikkelig betalt. Og godtroande som eg e har eg valgt fairtrade-varer kvar gong eg har kjøpt kaffe, te, bananer, appelsinjuice og roser. Det svei når eg måtte fortella mine samboerar som har vore utsatt for heftig Fairtrade-propagande om svindelen!


For nå e eg skikkelig skuffa! Itte å ha lest ein artikkel i Dagens Næringsliv om fairtrade ser eg at eg (og haugavis med andre forbrukerar) har vore naive, og e rett og slett blitt lurt!
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Et par eksempler på at Fairtrade ikkje e så rettferdig likevel:
Tri millioner kaffebønder over heile verden e i Nestlés spindelvev. Kun 200 av dei e Fairtrade-sertifiserte. Likavel blir kaffien te Nestlé solgt som fairtrade. Det sama gjelde gigantkjeden Starbucks.

Ein aen ting: bøndene må betala for å bli fairtrade-sertifiserte, nåke som betyr at dei fattigaste av dei fattigaste faktisk ikkje har råd te å bli fairtradebønder.

Og på 1,4 millionar faitradebønder e det 85 inspektørar. Det seie seg sjøl at det umuligt kan vær godt nok kontrollert.

Dessuten, det e ikkje uvanlig at prisen på fairtadevarer blir skrudd opp med 20%, men mesteparten av dessa pengene går te dei store selskapene, bøndene får kanskje ei krona ekstra for kiloen med kaffe.
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Fairtrade e blitt ein merkevare i Vesten, ein kommersiell nisje som opprettholde systemet sånn det alltid har vore.

Fairtade lar vestlige forbrukerar kjøpa seg litt god samvittighet. Eg komme vel te å fortsetta å kjøpa fairtradevarer i håp om at ting vil endra seg. Fremdeles idealist, men litt mindre naiv.
Men sei meg, hvis Fairtradevarene liksom ska garantera rettferdig handel, ka då me alt det andra eg handle?

Heile artikkelen kan du lesa her:
http://avis.dn.no/artikler/avis/article6258.ece

Og her prøve Fairtrade Norge å forsvara seg: http://www.etiskforbruk.no/nyheter/fairtrade-under-lupen.html

1 kommentar:

Anonym sa...

oi shit, det hadde ikke jeg fått med meg. så utrolig teit, blei virkelig så skuffa jeg altså.